Velkommen til Plankonferansen 2019 i Hordaland, 23. og 24. oktober i Bergen

Berekraft på agendaen – kva og korleis i kommunane?

Eit klima i endring og aukande sosial ulikskap er noen vår tid sine store utfordringar. Enkeltmenneske legg om kosthald og levesett. Verksemder lagar retningslinjer for alt frå internstyring til kva marknad dei skal satse  på. Kommunar lagar klimabudsjett og samfunnsplanar som stakar ut dei langsiktige vegvala, og dessutan handlings- og arealplanar som skal realisere måla for ei meir berekraftig framtid.

Å nå krava til redusert CO2-utslipp, nedfelt i Parisavtalen, er ambisiøst, og vi har dårleg tid. Politikarar og planleggarar har eit stort ansvar for å fortolke berekraftsmåla og finne verkemidla som gjer at deira kommune deltek i Det grøne skiftet. Korleis stø opp om og legge til rette for endring hos den einskilde, som gjer at vi dreg lasset saman i riktig retning? Plankonferansen vil i år sette fokus på kva FN berekraftsmål kan bety, og korleis vi kan omsette dei gode intensjonane til handling. Spreie gjerne invitasjonen i ditt faglege nettverk. Merk at det er avgrensa med plassar, meld deg på her… Arrangørar er Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Vestland og påmeldingsfrista er 8. oktober!

Vel møtt 23. og 24. oktober på Terminus hotell! Beste helsing, Liz Eva Tøllefsen, spesialrådgjevar  | stadsutvikling, regionalavdelinga | planseksjonen